Ein månad igjen til valet

Kjære støttespelar,

I dag er det éin månad igjen til valet 9. september. Etter ein lang og god sommarferie gjeld det no å hente fram oppsparte krefter og gyve laus på innspurten.

Vi veit at det er mange veljarar som sitt på gjerdet og er usikre på kva dei skal stemme. Frem mot valdagen skal vi gjere alt vi kan for å få fram bodskapen om at ei stemme til Venstre er ei stemme for ein god og trygg oppvekst for alle barn, for å kutte klimagassutsleppa og for å skape arbeidsplassar over heile landet. Men vi treng di hjelp.

Nokre måter du kan bidra på:
? Snakk med vener og kollegaer om kvifor du stemmer Venstre
? Lik og del innlegg på Facebook, Twitter og Instagram
? Vis at du stemmer Venstre, utan å seie eit ord, ved å gå med Venstres profilmateriell
Etter eit år med ekstremvêr, skulestreikar, skremmande klimarapportar og bompengeprotestar, er det ingen tvil om at valet denne hausten blir eit klimaval. Venstre kjempar i front for lågare klimautslepp og grøne løysingar som gjer det lettare for folk å velje miljøvenleg i kvardagen.

Eit lite parti med stå-på-vilje har vist seg å utgjere ein stor skilnad. Til dømes lågare klimautslepp i byane. Vern av sårbare havområde. Betre og billigare kollektivtransport. Reinare luft.

Men vi vil meir. Då treng vi så mange venstrefolk som mogleg inn i kommunestyre og fylkesstyre.

Vil du vere med og kjempe for ei betre og grønare framtid for ditt lokalsamfunn?

Eg håper du blir med på laget!

PS: fram mot valet vil du få hyppigare brev frå folk i Venstre, følg med!

اپنا تبصرہ لکھیں